Dag 8. For fulle segl!

No er det jammen godt øyra sit der dei sit, ellers hadde smilet til Kapteinen gått heilt rundt :-) Jerngenoa er bytta ut med Genaker, og vi nyter berre lyden av havet som sildrar langs skutesida. Vi gjer mellom 6,5 og 7,5 knop rett mot Azorene, og kjempar for å halde ein kaldfront bak oss for å få fine seglforhold framover.

Nettverket som vi (Seiltur.no) driv mellom båtane som kryssar Atlanteren no har vist seg å vere eit veldig populært sosialt innslag i båtane. Det er utruleg kjekt å kvar dag motta posisjon og ein liten stemningsrapport frå dei andre som er utpå samtidig som oss.

Men det er ikkje først og fremst det sosiale som er poenget med nettet, og i går fekk vi ein demonstrasjon på kor bra det er å ha denne oversikta. Arnt, som i lag med Henrik, er dei som sit heime og samlar informasjon, plottar på kartet og sender fellesmail til alle båtane, fekk i går ei oppringing frå Hovedredningsstasjonen i Sør Norge. Eit av dei norske båtane hadde sett eit nødbluss, og ringt inn dette. Arnt gav sjølvsagt all vår info om kvar båtane som deltar i nettet har rapportert frå dei siste to døgn, samt korleis dei kan kontaktas. Dermed kunne Redningsstasjonen sjå kva båtar som kunne være i det aktuelle området, og kontakta dei via satellittelefon for å høyre om alt var bra, og om dei hadde sett noko nødbluss. Alle båtane i nettet har rapportert at alt er vel ombord, og ingen fleire har sett noko bluss.Det siste vi fekk høyre var at US Coastguard skulle sende ut eit fly for å sjå i området.

Det er flott å sjå at ting fungerer slik dei var tenkt. For det første godt å vite at slike meldingar vert tatt på alvor, og aksjonert på. Også veldig flott at Redningsstasjonen brukar dei midla som er tilgjengeleg, deriblandt vårt hobbydrivne nettverk, for å få kontakt og sjekke at alt er vel.

Ellers trudde vi vi kunne alt om flygefisk no, men som så ofte før, meir kunnskap gjer ein større forståelse for kor lite ein eigentleg veit. Takkar for informative og kreative innlegg om flygefisk, som min Bestefar pleide sei: Nu først forstår jeg ingenting ;-)

Stemninga er fortsatt på topp ombord i TurboTempest. I går var det Odd Jarle si fiskesuppe med nybakt Pizzabrød som var høgdepunktet. I dag gler eg meg spesielt til Kari sine pannekaker som ho vistnok skal servere med fruktcoctail.

Eit lite høgdepunkt i går etter at vi fekk siste værvarsel frå Mads i Frivind.no, kursen er satt direkte mot Azorene :-) No gjeld det berre å få skuta til å gå fort nok til at denne kaldfronten ikkje tek oss igjen…

Skippern

Karis betrakninger frå gårsdagen

Ja, godt folk no ser det ut for at veir gudene er med oss igjen. Bølgene dytter oss framover og vi håper at vinden kommer fykandes etterhvert. Dagen i dag har vært ekstremt sløv med mykje soving og vi er blitt eksperter i ekstrem soling, utveksler råd og tips hvilken solkrem som har best effekt og gir den beste tan:) Dere ser at i dag har det i grunn hendt lite…nei vent det har jo blitt baket brød og kokt fiske suppe (takk Odd Jarle!) Sten har hatt lopper i blodet og undersøker og vurderer stadig vind styrken og eventuellt seilvalg videre framover.

Eg for min del har begynnt å bekymre meg svakt over eventuell ny sjøsyke (det var ikkje noe særlig må eg si) men det er bare å stole hardt på “posstafenen” og følge min gode venn Jeltje sitt råd om å stole på skipperen, da blir man hellerr ikke så sjøsyk:) Det blir nok ingen problem siden vi har Sten til kaptein

Takker igjen for researchen til Lasse om flygefisken! kanskje du kan gi oss nærmere info om “Morild” også? Kanskje der finns noe spennende om det som vi ikke visste fra før…

Kari Klok

2 kommentarer til “Dag 8. For fulle segl!”


Skriv en kommentar