Nesten kval

God vind, god fart, dårlege bølger… Vi hastar vidare i god driv. Har hatt nokre gode vindkuler i natt, men det har roa seg litt no på morgonkvisten. Har grei fart i båten, sjølv om vi blir stoppa ein del av bølgene som rottar seg saman mot oss.

Sjøsjuka ser ut til å sleppe taket i mannskapet. Vi går 3 timar på 6 timar av vakter heile døgnet, og det ser ut til å fungere bra. Mogleg det er ein sjølvmotsigelse, men for å ikkje utfordre sjøsjuka meir enn nødvendig, har vi ikkje satt igang byssetjenesta enno, og dei lyt ta til takke med kapteinens kokkeleringar. I går hadde vi fellesmiddag (Kapteinens engrytes “vinkelrett” pasta) på terassen med påfølgande hyggelig vitse/gåte stund.

At sjøsjuka slepp er sjølvsagt bra, eg håpar berre ikkje det resulterar i at dei ikkje lenger høyrer tolmodig på mine gode historier, ler av vitsane mine og ikkje protesterar når eg dreg fram blokkfløyta ;-)

Kari, vi skal ta bilete dersom vi ser kval. Hittill er det Benedikte som har vært nærast. Eg veit ikkje kor ho har det i frå, men i går sat ho forventningsfull og stirra på ein flokk fuglar som sirkla rundt eit definert område på havet. Der meinte ho bestemt at det plutseleg skulle hoppe fleire kvalar opp og ta ein salto eller to til ære for fotografen. Kvalane uteblei, men Benedikta gjekk av vakt strålande nøgd med det ho definerte som: “mi første nær kval oppleving”.

Ellers alt vel ombord. VI hastar litt på for å nå forran eit lågtrykk som kjem rekande, det vil gje oss fin seglvind vidare nordover.

NB: Endely, kan det gje oss ein liten kjapp info om forholda og rutiner i Kinsale? Greit å gå inn om natta f.eks…? Håpar vi treffast igjen i Dublin. Dersom vi får god driv oppover og rekk det, vurderar vi å hoppe over Kinsale og segle direkte dit.

Capt.

5 kommentarer til “Nesten kval”


Skriv en kommentar