Nam nam

Hmmm - nybakt brød, fin vind inn 90 grader, mellom 6,5 og 7 knops fart, sol og rundt 1 meter bølgehøgde. No snakker vi her :-)

Tempest har hatt ei begredeleg historie når det gjeld brødbaking, i Karibien fekk vi kun til å lage flattbrød. Men det har verkeleg snudd etter vi satte kursen nordover. På første legget var det Odd Jarle som tro til som den store bakaren, no er det Caroline som feirar formen med å trylle fram nystekte brød. Namnam!

Det er deilig at sjøen har lagt seg og vinden roa seg eit hakk, vi søv godt når vi skal, og er meir aktive når vi er vakne. Det kjem godt med, for no skal vi til å forberede oss på litt ruskevær.

Det ser ut til at det kjem eit lågtrykk innover seglingsområdet. I førsten såg det ikkje så bra ut, men etterkvart som vi har kome nærare og har fått sikrare prognosar, ser det ut til at vi heldigvis slepp billeg unna. Men uansett er ikkje eit lågtrykk noko ein peikar nase til, og som alltid i Tempest, sikker seglas går føre alt. Vi jobbar difor no med å førebu båten på hardt vær. Vi overdriv nok dette i forhold til kva som ser ut til å vente oss, men heller det enn å ikkje være godt forberedt. Vi kjem til å få litt ugunstig retning på vinden i forhold til kor vi skal, men no er fokus å komme seg sikkert og behageleg unna lågtrykket, så får vi rette kursen opp igjen når det er over. Er nok mogleg det forsinkar oss ein dag eller to, men så får vi jo kosa oss lenger på havet ;-)

God stemning ombord, alle ved godt mot og vi nyt dei deilige forhold vi har no. Ikkje sett kval enno, men vi speidar og speidar…

NB: Såg forresten at Trond Aasvoll hadde lagt inn kommentar, bra dykk har kome i land sjølv om motorseglas i 4 døgn nok er litt kjedeleg. For dei som ikkje veit kven han er, så er det eigaren av båten Siw Bonita. Ein Bavaria 38 som er regattatrimma, og om eg ikkje tar feil den mestvinnande Bavariaen i norge. Han dumpa tilfeldig inn på Peters Sport Cafe medan vi sat der og hygga oss. Eg kjende igjen navnet, og skjønnte raskt at her var rett mann å hente litt erfaren kunnskap frå. Han delte gjerne, og tok dagen etter turen innom Tempest for å gå igjennom riggen min og gje meg masse gode tips, ikkje minst til kryssegling i hard vind. Ellers merka eg meg fornøgd følgande kommentar: Med dei modifikasjonane du har gjort med denne riggen går den iallefall aldri overbord!

Takk for at du tok deg tida Trond, veldig kjekt å få gode tips frå ein så erfaren seglar! For dei som vil følge Trond sitt neste store prosjekt, er det berre å ta ein titt innom Seilmagasinet.no og finne RXII ekspedisjonen. (Har ikkje linken her på havet, men den kan kanskje Henrik elller Arnt finne og redigere inn… ? )

Sten

Til Hotell Karamell: Om Doffen dauer så gje beskjed, eg kan ta med ein flygesfisk herifrå. Dei er sikkert litt meir hardføre. Ellers blir det ein tur på plantasjen når feriepengane kjem skjønner eg…. ;-) Stormbilete er nok ikkje aktuelt med mindre vi arrangerer eit, bank i bordet!

Bene

Skriv en kommentar