Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Da var vi på nett igjen, denne gangen frå Smøgen.
Strømstad var hyggelig, ikkje minst fordi vi der traff båtane Mango og Amor Fati som er ute i same ærend som oss. Frode var ikkje sein om å finne fram Champagnen, og dermed var avsparket for det sosiale tatt. Vi mekka og handla vel litt i alle båtane, og ellers gjekk praten i ruteval, kart og utstyr. Eg fekk til og med bytta litt datakompetanse mot eit heimelaga glas med bringebærsylte:) Det var snacks på skiva til frukost i dag, takk Tone! Dei andre båtane vi så langt har møtt har vert fulle av positive ja-mennesker, så vi gler oss verkeleg til å treffe dei igjen vidare nedover.
Ellers gjorde vi det så mange ellers gjør i Strømstad. Vi var på Harryhandel. (No ventar eg på ein kommentar her Ola, denne klarer du ikkje stå av… ) Vi har bunkra hermetikk og litt andre matvarer som har god holdbarhetsdato, samt litt meir utstyr som vi måtte ha til båten. Fekk faktisk “langturrabatt” på båtbutikken i marinaen!
I dag har vi hatt ein fantastisk seilas til Smøgen. Vinden var litt mykje rett imot samt at det var ein god del dønningar etter vinden som har vert, men vi fann fram Sailing for Dummies og trimma båten i perfekt balanse. 10 timar på skarp kryss er god trening som sikkert kjem vel med seinare. Faktisk var det veldig behagelig, ikkje minst når Arnt diska opp med Macaroni and Cheese midt utpå der.
Eit lite tips som vi ikkje var klar over er at diesel er dyrt og dårlig i Sverige. I Strømstad anbefalte dei oss å gå tilbake til Norge (ca 30 min) og heller fylle der. Det gjorde vi sjølvsagt, så no har vi fulle tankar med norsk diesel. På Marinaen i Herføl fekk eg også rabatt fordi eg er brukar på baatplassen.no
I morgon er det meldt sommarvær, så då har eg forhåpningar om at eg kan ha på shorts og t-skjorte utan å fryse. Hadde på i dag og, men eg må vel medgi at det var litt kaldt. Men solbrent vart eg!?!
Sten og Arnt - gler seg til varmen som kjem
1 kommentar til “Strømstad - Smøgen”