Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Vi fortsetter vår ferd mot varmen. I går gjekk vi frå Smögen til Marstand. 8 timar innaskjærs i vakker Svensk skjærgård. For segl heile dagen, skikkeleg nøgde både med været og seglinga. I dag har vi også tilbragt heile dagen på sjøen, utaskjers vidare nedover. I Marstrand låg vi side om side med EmBlem som også skal delta på ARC. Dei hadde med vennebåten Hydra, og serverte god ankerdram.
I dag går vi mot Varberg. Sola skinner fra skyfri himmel og solkremen er (etter å ha lært den harde vegen, samt plukka opp tips frå Bjørn Ståle) flittig brukt. Man skal ikkje klage på så fint vær, men vi kunne ønske oss litt vind… Den svenske skjærgården er fantastisk flott, det er egentlig ein skam å bare rushe forbi alle dei små idylliske hamnene, men vi tenker at dette er områder vi kan spare til seinare år. No vil vi fort nedover til steder som er litt vanskelegare å nå på ein vanleg
Arnt har tatt styrmannsposisjonen i dag, så eg har hatt god tid til å ta viktige avgjersler undervegs. Det eg avgjorde var at båten skulle shinast innvendig. Desverre oppdaga eg litt for seint at einaste tilgjengelege mannskap, utanom styrmannen som måtte være på post, var meg sjølv. For at skipperens ordre ikkje skal miste si makt, måtte den jo gjennomførast. Legger ut nokre bilder så dykk kan sjå kossen vi har det ombord.
Kartbordet (kontoret). Har har vi instrumenter for å kunne følge med på strøm og navigering, VHF, Satellittelefon og PC. Over setet ser dykk EPIRBEN som kan utløysast dersom vi kjem i havsnød. Den sender da vår posisjon via Satellitt til redningssentral på land.
Salongen med to langsgåande køyer. Ein på kvar side. Det er her vi sover middag når vi er på havet, eller sitter i hyggeleg lag om det ikkje er vær til å sitte ute. Benkane kan også gjerast om til sjøkøyer dersom været tilseier det.
Pentry. Her kokkelerar vi etter alle kunstens reglar. Til frukost er vi glade i egg og bacon, eller kokte egg med onkel Brynjar sin røykelaks til. Vi startar kanskje litt usunnt, men har så langt hatt veldig sunne middagar. VI har også vert flinke og laga all mat i båten istadenfor å ete ute. Vi et dessutan mykje meir regelmessig på tur enn det iallefall eg har hatt til vane før.
Ute. Utsik både forrover og bakover, samt instrumenta som vi har tilgang til ute.
Dette er kanskje vår siste dag i Sverige, vi vurderer å krysse over til Danmark i morgon. På hamstrelista står nokre geniale juiceboksar på 2 dl som gjer 1 liter juice, samt sjølvsagt: Svensk leverpostei med gurkar
1 kommentar til “Tempest fosser videre”