Middelfart

DuoGen koser segEtter den “vellukka” handlestoppen på Samsø gjekk vi vidare til Middelfart. Ein seglas prega av ujamn vind og kraftig regn. Bygene kom på rekke og rad, og vi hadde fullt opp å gjere med å reve i tide og utide. Den som likte veret best var DuoGene. Han fann nokon venner her nede, og bestemte seg for å sette igang sjølv og. Produserte så det holdt til både forbruk og lading. Det skal blåse ein del før den setter igang, men den fungerte no iallefall som den skulle.


MotorseglingVi slit litt med å få rulla seglet inn og ut av masta på ein god måte. Det kilte seg skikkelig utpå der, og vi er på jakt etter gode tips til kva vi gjer feil. Send gjerne tips om du sit på verdifull erfaring! Vel, det løyser vi nok, i mellomtida får vi henge denne trekanten opp ned i forkant av det kilte seglet. Nokon som veit kva den betyr? Ikkje mykje brukt i Norge…

Etter den negative Internetopplevelsen i Balle bestemte vi oss for ein marina som var beskrevet som idyllisk og med Internet. Yea, right! Vi har no gjennomskua guideboka, Idyllisk betyr fin natur men øde og utan fasilitetar, Internet betyr ein PC som er Internet på som står på Hamnekontoret som er opent mellom klokka 12:00 - 14:00 Trådlaust Internet var gratis i alle hamner i Norge og Sverige. I Danmark har det vert dyrt eller ikkje eksisterande. Skjerpings DK, dette held ikkje! Derfor kjem denne bloggen også på etterskudd.

Sten og Arnt, på desperat jakt etter Internet ;-)

4 kommentarer til “Middelfart”


Skriv en kommentar