Første delmål nådd…

…vi har segla til Tyskland!

Heising av det Tyske gjesteflaggetDet var eit stort augeblikk når vi utpå havet kunne fire det danske gjesteflagge og heise det tyske. Sverige og Danmark har vi segla i før, det er først no vi føler at vi har begynt å komme til ukjent farvatn. Eg veit ikkje kor mange gongar vi såg på kvarandre og sa: -Vi har segla til Tyskland! Tydeleg stolte begge to. Dette er på ein måte første delmål som er nådd. Det er no turen begynner.

Sønderborg var som vi sa ein flott plass, og vi likte oss godt. Det einaste som var litt ubehagelig var at det var mykje vind, og vi fekk ein 44 fots stor båt på utsida. Vindpresset rett imot kaia førte til ei uroleg natt. Om morgonen måtte førstestyrmann purrast for at vi skulle komme oss avgarde før solnedgang. Vi skulle jo til Kiel!

Forfulgt av Tyske MilitærskipVi kom oss avgarde, og fekk endeleg kontroll på revinga av storseilet. Trur vi har pønska ut kossen dette skal gjerast no, og vi fekk ein fantastisk fin dag med vindar opp i over 30knop. Full kontroll, og veldig god balanse i båten. Den einaste bekymringa vi hadde på turen var at fire tyske militærfartøy kom i god stim imot oss. Dei fossa heldigvis forbi, bestemte seg vel for at vi såg ut som greie gutar.

Folka i båten Endely (les bloggen deira) som vi møtte på Samsø sendte oss melding om at dei hadde ordna plass til oss i marinaen der dei låg. Veldig hyggelig, og ikkje minst bekymringsfritt for oss å kunne gå rett i ein bås vi viste var ledig! Dei følgde vidare opp med å invitere oss på middag, og når tre kokkar og ein servitør inviterer på middag seier man ikkje nei. Det desidert beste måltidet så langt på turen, og ei veldig hyggelig stemning utover kvelden! Tusen takk for god velkomst Endely!

I dag har vi vert på shopping i Kiel. Fekk tak i masse båtutstyr som skal monterast dei dagane vi kjem til å ligge her i Kiel. Etter handleturen oppsto ei lita krise ombord i Tempest. Den siste pakken med Friele Instant Kaffe gjekk mot slutten, her måtte noko gjerast! Vi hadde fått nyss om at Endely kunne trenge litt hjelp til å få VHFar og SSB-radioen til å fungere, samt at dei hadde Friele Instant Kaffe på lager! Vi pakka litt verktøy og luffa avgarde. No er både VHF og SSB oppe å går, og vi har igjen eit lager med Friele Instant :) I tillegg fekk vi enda eit fantastisk måltid ombord i Endely båten. Veldig koselig å sosialisere litt, og dei vart med over på kaffi med noko attåt i Tempest etterpå.

Vi er litt usikre på kor lenge vi blir liggande i Kiel, det er ikkje noko poeng i å gå igjennom kanalen dersom været ikkje er bra på andre sida, og det er det vist ikkje no. Vi får se, men går så snart vi får gode meldingar…

4 kommentarer til “Første delmål nådd…”


Skriv en kommentar