Groningen

Nok ei bro…Etter ein triveleg kveld og ei god natt søvn var vi tidleg i gang i dag. Klokka sju starta vi motoren og steama innover kanalane mot Groningen. Masse bruer som var for lave, men dei registrerer automatisk at det kjem båt, og nestan utan unntak slapp vi å slakke gassen før brua var open. Genialt system, men må vere ganske irriterande for bilistane når trafikken er stor.

Rare parkeringsvanarKanalen innover var ikkje så veldig spennande, ikkje før vi kom over denne “parkeringa”. Vi stussa litt over kvifor dei gjer på dette viset, det har sikkert si gode forklaring. Vi er jo i utlandet, så det er vel ikkje meininga vi skal forstå alt? Ellers er Groningen ein grei by. Ganske stor, og med eit namn som er mulig å uttale. Trudde vi! Så feil kan ein ta, og no er vi i den andre byen i Nederland vi ikkje kan uttale namnet på!

Når vi kom igjennom den siste brua og entra gjestehamna fann vi att EmBlem. Vi blei einige om å flytte oss inn i gjestehamna, og manøvrerte oss flott i posisjon til å bakke inn på ein ledig plass. “TEMPEST TEMPEST” høyrte vi over heile området. Det var ei lita dame som gjekk rundt med ropert og kommanderte oss over til ein annan plass isteden. Heilt greit det, vi flytta, og hadde mykje moro med å sjå dama løpe rundt med roperten sin og organisere hamna etterkvart som båtane kom sigande inn.

Samling i TempestMot kvelden kom også Endely til Groningen. Dei har kjenningar i byen som tilfeldigvis hadde bursdagsfest i dag. Alle blei invitert, og vi samla oss i Tempest før vi tok drosje ut til eit triveleg hageparty. Skikkelig moro å vere med, vi kosa oss og lærte mykje om både Groningen og kanalsystema i Nederland.

0 kommentarer til “Groningen”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar