Leeuwarden

Mange broerBetaling i treskoVi fortsetter nedover Nederland. Eller det vil sei, vi føler vel egentlig ikkje at det går nedover. I heile dag har vi “kjørt” vestover, lite sør. Feil veg? Vi har jo ikkje kart men stolar på at EmBlem og Endely som les karta har kontroll på dette… Regn, vind, masse broer og gløtt av sol.

På det eine bildet ser de Arnt som betaler for broopninga i ein tresko som ei dame senka ned med ei fiskestang. Samme dama hadde kontroll på tre broer. Slapp igjennom alle båtane, heiv seg på mopeden og rasa avgarde til neste bro. Blei ein del venting…
VindmølleKubilskapEllers er det ikkje stort anna å gjer på enn å sjå på alt det rare som dukkar opp langs dei lange kanalane. Det dukkar opp mange idylliske landsbyer som ser veldig flotte ut, og ein og anna rar skapning. Denne kubilen med kucampingvog hadde vi litt sansen for.
Alle tre på rekke og radHeile gjengenInnimellom regnbygene kom sola så vidt igjennom. Her var ikkje Morten i EmBlem sein om å foreslå ein stopp, og vi lina opp EmBlem, Tempest og Endely langs kanalkanten. Heile gjengen (bortsett frå meg som tek bildet) samla på ein fin liten taverna.

Overnattinga skjedde i Leeuwarden, ein liten by med det aller meste, bortsett fra kveldsopen kiosk eller butikk! Eg og Arnt tråla heile byen fram og tilbake på jakt etter ein kiosk. Det og vanlege matvarebutikkar føler vi at vi må leite etter alle stader. Sikkert fordi vi kjem rett til sentrum med båt, og daglegvarebutikkane ligg utanfor i senter?

0 kommentarer til “Leeuwarden”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar