Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Fyttikatta for eit regnvær! I heile dag har det øs pøs hølja ned! No vil vi ha sol og sommer snart…
Dagen i dag hadde eg gleda meg til, det var i dag vi skulle segle igjennom ein del områder som båtane som var ute i fjord hadde tatt bilder fra. Ei veldig spesiell vippebro og ei bro for båtar. Vi kjøyrte faktisk over ein motorveg med båten! Heilt sprøtt, og vi fotograferte og gleda oss til å skrive blogg. To ting spolerte det heile litt;
- det regna og blåste heile dagen
- minnebrikka til kameraet låg på kartbordet, ikkje i kameraet der det burde vere
Fekk likevel tatt nokre bilder på tampen, Lemmer var ein stilig by med “gater” av vann.
Sjølv om dagen var litt grå og trist fekk den ein positiv avslutning. Når vi kom til Lemmer gav regnet seg, og vi blei invitert på restaurant av familien Berg som seglar EmBlem. Ein veldig triveleg tur ut, og vi gjekk mette og glade til sengs
3 kommentarer til “Lemmer”