Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Den engelske kanal er eit av dei mest trafikkerte ledene i verda. Heldigvis er den også godt organisert. På biletet ser dykk oss heilt nederst, og dei store båtane med AIS sendar viser som trekantar. Den raude sirkelen er båten EmBlem som vi peila på radaren. Dei dreiv å testa SeMe radarreflektoren sin. I dag var eg verkeleg glad vi hadde AISen, det er ikkje alltid like lett å peile skip som kjem på kryssande kurs, no får vi opp på plottaren kva kurs dei held, og kor lenge det er til våre kursar kryssast.
Når vi gjekk frå Calais måtte vi få klarsignal for å kunne gå ut av hamna. På lik linje med dei store båtane rapporterte vi på VHF, og fekk klarsignal. Deretter kalla vi opp Dover Coastguard for å melde frå om at vi kryssa. Dei spurte etter kallesignalet på båten og kor mange vi var ombord, før vi fekk beskjed om at vi var notert og kunne gå. Utpå der var vi heldige og kom ikkje oppi ein einaste vikepliktsituasjon. Dei store såg vel at vi kom og veik unna…
På fire dagar har vi segla i fire ulike land. Nederland, Belgia, Frankrike og no over til England. Begynner å føle oss litt som langturseglarar no!
Det var ganske majestetisk å nærme seg innseglinga til Dover. Dei kvite klippene ser ein lang uti, og jo meir ein nermar seg, jo meir imponerande vart dei. I forhold til heime er det jo ikkje så høge fjella det er snakk om, men etter å ha segla igjennom dei flate landa på sørsida var det likevel imponerande.
No ligg vi å ventar på Bengt og Inga som kjem med tog frå London i kveld. Dei skal vere med nedover kysten, før Inga reiser heim igjen på fredag. Bengt blir med som mannskap over Biscaya før han returnerer.
Vi har litt problem med motoren som vi vil prøve å få fiksa her, den ryk ein del meir enn den skal, og vi får ikkje heilt den same effekten som vi hadde før. Den største Volvo Penta leverandøren i sør England ligg i Dover, så vi håpar dei kan hjelpe oss med å finne ut kva det er. Sjølv trur vi det er ei dyse som kanskje heng…?
0 kommentarer til “Caleis til Dover”