Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Vi er fortsatt i Dover I dag kom delane vi venta på, men det viste seg sjølvsagt å vere feil delar som kom. Mekanikaren tok dei gamle dysene og fekk dei til å fungere i testbenken. Nøgd med det monterte han dei inn, og konstanterte at motoren ikkje sota lenger. Endelig! (trudde vi…)
På grunn av tida og at det var meldt eit kraftig bygevær utsatte vi avgangen litt, men tok ein liten tur utpå for å teste. Det gjekk ikkje lang tid før motoren sota like mykje som før, og turtallet nådde fortsatt bare 2700!
Vel inne igjen i hamna tok vi ein dukkert under for å sjekke propellen. Den var full i fiskegøtt og ein plastpose frå Amsterdam. Vi fekk av det som var rundt propelle, men ein rask testtur konstanterte at turtalet heller ikkje no når meir enn 2700.
Har forresten også kjøpt meg UV t-skjorte som eg no har funnet ut IKKJE slepp igjennom UV-strålar. Eg trudde det var omvend!?!
Verkstedet er stengt, men vi fekk tak i sjefen som skal komme ein tur i morgon klokka ni. Då var det berre å slå seg til ro med det. Litt skuffa over å ligge fast her pga motoren, men no håpar vi at det ordnar seg i morgon.
Om nokon der ute skulle ha gode idear til kva vi kan sjekke tar vi gjerne imot tips! Den ryk svart røyk når vi gjer på litt, og turtalet når ikkje 3200 som det gjorde når vi sjøsatte båten. Det vi har gjort er:
1. Fått mekaniker til å sjekke og fikse dysene. Kan desse ha låst seg igjen så kjappt?
2. Skifta olje og oljefilter.
3. Skifta dieselfilterne og tømt vannutskilleren, samt tilsatt noko mirakelmiddel i dieselen.
4. Sjekka kjølinga, den virker heilt ok.
5. Renska propellen for fiskegarn og plastposar
15 kommentarer til “Motortrøbbel”