Nok motor, no reiser vi til varmen!

Nei no er vi lei! Dover er sikkert ein fin stad å vere, men vi er her jo ikkje frivillig. Vi vil vidare!!!

Det vart lite segling på Inga, som diverre måtte forlate oss på fredag for å rekke jobb igjen på måndag. Vi får ta att seglinga i Karibien Inga!

Big BenDer dronninga burMedan vi venta på delar og mekanikar tok Bengt og Arnt ein tur til London. Der fekk dei tatt dei obligatoriske bileta, og fekk dessutan ein dag utan å måtte forhalde seg til ein motor som sotar, ein mekanikar som reiser vekk og delar som ikkje kjem.

Good MoodEin dag eg sto på ripa og observerte kjølevatnet kom det ei jente spaserande ut. Ho stoppa og sa: -Koss da gjeng, ka dykk styra med? Eg skvatt litt ja, ikkje Ålesundsdialekta ein først forventar å høyre på bryggekanten i Dover. Det var Reidun frå båten S/Y Good Mood som hadde sett vårt norske flagg. Moro å treffe andre langturseglarar, og ikkje minst denne båten som viste seg å vere proppa med velvillige mekanikarar :-) Takk for hjelp til prøvekjøring og gode innspel, vi treffast igjen i nye hamner!

Med motoren og problema har vi gjort følgjande:

  • Skifta dyser (dei gamle var rustne og hengde)
  • Skifta dieselpumpa
  • Dykka under og fjerna gøtt og posar frå propellen
  • Gått igjennom dieselsystemet frå a til å
  • Tatt ut all dieselen og gjort rein tanken
  • Prøvekjørt med mindre last
  • Målt rpm med instrument for å sjekke visaren i panelet

Båtheisog ikkje minst, i dag har vi hatt båten på land for å sette på den originale propellen igjen.

PropellskifteVaskDet heile har kokt ned til at dysene var defekt så forbrenninga var ikkje optimal. I tillegg har vi for stor propell slik at motoren slit unødig tungt. Då sotar den, og det var det vi merka først. I tillegg viste turtalet på instrumentet litt for lavt, slik at det heile såg litt meir unormalt ut enn det verkeleg var. Med den originale propellen dreg den fortsatt litt tungt, men vi får nesten det turtalet vi skal ha, og den sotar ikkje på langt nær det den gjorde før. I tillegg fekk vi ein vask på båten, det kjem alltid godt med.

I morgon/natt dreg vi vidare. No vil vi til varmare strøk, så vi tar nokon maratonetappar for å komme oss til Brest snøggast råd.

Takk for alle innspel og forslag til kva vi skulle feilsøkje på! Det er jo sjølvsagt noko mekanisk som må vere galt når båten har eit mannskap på tre med elektro og elektronikkompetanse ;-) Takk også til Lunde Båt som er veldig velvillige til å hjelpe, og som skal hjelpe oss med å få ein ny foldepropell som gjer oss det rette turtalet!

NB: Legg merke til at kapteinen har tatt på seg skjota att, og dessutan funne ein frisør. Det var heller ikkje heilt frivillig…

NB2: Til EmBlem: Vi prøver å kalle på kanal 73 og/eller 16 når vi nærmar oss. Det gjeld forresten alle andre som måtte vere i området, vi lyttar alltid på 16 og 73, og svarar villig vekk når dykk kallar på Tempest!

4 kommentarer til “Nok motor, no reiser vi til varmen!”


Skriv en kommentar