Nok ein solrik dag

Vi er her fortsatt, alle mann :-) No har eg nett sendt ungdomen til sengs, dei leikar tømmrarar begge to etter ei lang natt på vakt. Eg hadde vakt frå 20:00 til 02:00, så tok dei resten fram til lyset kom.

Det går litt seint med oss, men heller det enn å heile tida gire og herje i bølgene. Vinden har lagt på mellom 16 og 21 i heile natt, vi har den inn 140 grader styrbord. Bølgene har roa seg litt, men det gyngar fortsatt godt. Slit litt med å få god seglføring på denne kursen, tar gjerne i mot tips om de skulle ha nokon. Vi får tilsendt komentarane de legg inn her…

Vi ser fortsatt Ruffen, men har mista resten av følget. Dei går nok ein del raskare, samt at ein del av dei har lagt seg noko lenger nord. Det er sikkert lurt i forhold til vinden, vurderer å gjere det same.

1 kommentar til “Nok ein solrik dag”


Skriv en kommentar