Madeira - Baia d’Abra

Lita havskilpaddeLiten “havseglas” i dag, vi for over til Madeira. Men berre rett rundt odden for å ta ei natt på svai. Såg havskilpadde på vegen over. Den dykka litt når vi snudde, men vi fekk den på “film”

Ellers var det ein flott dag med nydeleg vær. Vi hadde håpa på Genakerseglas over, men det var rett og slett ikkje vind til å segle i det heile. Vi gjekk difor for motor. Nedtur! På mange måtar, motoren sotar igjen, og vi får ikkje opp turtalet. No går vi til Funchal i morgon for å få tatt ein kompressjonstest. Har gitt opp trua på at dette blir ein liten reperasjon, så no er det berre å sende pengar ;-)

Kvelden vart avslutta ombord i båten Leikaren som inviterte alle dei norske båtane på grilling på fordekket. Genialt å reise rundt i ei skøyte!

I Funchal kjem også Stig Paulsberg på besøk. Han har leid hotellrom og vi satsar på at der er nett :-)

6 kommentarer til “Madeira - Baia d’Abra”


Skriv en kommentar