Madeira rundt

Vi har slått oss til ro med at vi ikkje får gjort noko med motoren før torsdag, så då kan vi heller være turistar nokon dagar på Madeira. I går blei vi med kusinene i Las Primas å leige bil, ein kjekk måte å kunne utforske øya på.

Kul bil for kule folkKvit og finStyrmann og navigatørVi fekk tak i ein liten open jeep. Arnt og Cecilie tok raskt rolla som baksetehippiar. Dei to vaksne og ansvarlege kapteinane tok henholdsvis rolla som styrmann (RallyLene) og navigatør (StødigeSten). Vi hadde ein kjekk dag, kom trygt fram, stort sett dit vi hadde tenkt oss.

Kaldt, men god utsiktOver skyeneVi starta dagen med å køyre til høgste toppen, som ligg 1800 meter over havet. Det må gjerast tidleg, seinare på dagen blir det tåke og ingenting å sjå. Stilig å stå der oppe å sjå skyene danne seg under deg.

Frodig og brattArtige formasjonarHøgt ned, vestsida av MadeiraØya er fantastisk frodig. Arnt har lest seg til at det er fordi den er så høg at den dannar sit eige økosystem. Det såg vi forsovidt den dagen vi segla inn til Madeira, den var skyfri himmel bortsett frå ein kjempeskydott som omransa øya. Kontrasten er ganske stor til øya vi kom frå, Porto Santo, som meir var som eit månelandskap utan særleg vegitasjon.

Bratt og smaltTunellar og bruer over altVegane var og eit kapittel for seg. Smale, tunellar og bruer over alt, og kanskje det som var mest spennande, dei gjekk nesten rett oppover fjellsidene. Her var det om å gjøre å kjøre på gir nedover igjen, ellers hadde nok bremsene takka for seg. Det har kome nye motorvegar rundt nesten heile øya, men dei var ikkje så interessante så dei prøvde vi å unngå.

Sardiner, nam nam :-)Vi ønska å spise på eit lokalt sted som ikkje var ei turistfelle. Om vi klarte det veit vi vel ikkje heilt, men vi fann no ein koseleg taverna ved sjøen der det sat nokon lokale iallefall. Arnt og Lene valgte tunfiskbiff som dei var strålande nøgde med. Sten og Cecilie utfordra skjebnen og valgde grilla sardiner. Cecilie var middels nøgd, men Sten og katten var godt nøgde :-)

Ellers fordriv vi tida med å bade, male signaturen vår på moloen, vaske båt, spise is og gjere anna forefallande arbeide. Det er 25+ i lufta og 23+ i sjøen. Heilt greit ;-)  På torsdag håpar vi motoren blir i orden. Då går vi så raskt som mogleg nedover mot Kanariøyene.

0 kommentarer til “Madeira rundt”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar