Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Så var ei natt på havet over, Rolege forhold, med litt lite vind. Har blitt noko motor, men også litt segl. Las Primas hadde vi kontakt med på VHFen, men såg dei ikkje så lenge det var mørkt. Men vi har ein annan medseglar som vi ikkje veit kven er rett bak på babord side. Han har loge stødig der igjennom heile natta.
Når lyset kom såg vi plutseleg ein båt på styrbord side BAK OSS også! Las Primas. Eg gjenntar: BAK OSS No føler eg det er på sin plass å minne om at dette er ein First 40.7 med regattatrent mannskap, derav kaptein Lene Hammersland som kan skilte med mellom anna etappeseier i Two Star. I motsetning til oss i ein Bavaria 36 med grunn kjøl og to motorbåtfolk bak rattet. For ikkje båtfolk blir dette som om ein campingbil skulle kjørt race mot ein Ferarri. For at dette skal holde heilt inn driv vi litt taktikkeri på VHFen, vi opplyser mellom anna alltid litt lavare fart enn det vi eigentleg held. Vi vil helst ikkje vekke regattaseglaren i Lene, då vert vi nok parkert fort
Alt vel ombord, og TurboTempest seglar viare mot Selvagens Islands. Bereknar ankomst utpå kveldinga.
3 kommentarer til “Roleg natt”