Las Palmas

Vi er på Las Palmas, i ARC hamna. Nettet er så dårleg her at eg held på å sprikke av irritasjon, men ellers er alt bra ;-)

Har lasta opp mange blider frå øyene, og nokon frå seglasen over, men det må nesten vente til eg finn eit stabilt nettverk. Utruleg at sjølvaste ARC hamna ikkje har dette i orden!?!

Ellers har vi hatt VolvoPenta ombord i dag, og denne gongen verkar dei litt meir stabile og gjekk rett på problemet. Dei kjem tilbake i morgon klokka 08:00 (dei var presise i dag). Då skal dei ta nokre testar for å sjå kor mykje dei må gjere. Resultatet avgjer kva vi gjer viare, men det kan se ut til at dette er den einaste av øyene vi rekk å besøke her. I slutten av månaden har vi avtalar på sørsida av Gran Canaria. Deretter er det tilbake hit for å klargjere for ARC-regattaen.

Kjem tilbake med bilder og litt meir når eg finn eit nett som fungerar.

1 kommentar til “Las Palmas”


Skriv en kommentar