Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Oppdatering på dasspapirsituasjonen. Det går tett opp mot ein rull om dagen, dette er langt meir enn vi hadde rekna med. Når ein skal handle inn for gode 25 dagar til sjøs er det mange omsyn som skal takast, maten skal vere haldbar, og det skal vere nok, men det kan heller ikkje vera for masse. På 11 meter båt som også skal lagra segl, drivstoff, klede og utstyr for havseglas er det avgrensa kva ein kan få plass til. Dei fleste innkjøpa har difor vore gjort etter nøye berekningar, vatn, 2 liter pr.person pr. dag, i tillegg til dette ein “soft drik” (dvs. brus), kjøttbollar, corned beef, og anna hermetikk har vore nøye berekna etter antall måltid. Andre ting som rett i koppen posar, te, nøtter, snacks og kjeks har vore teke litt på augemål. Det same har dasspapir. Difor har me no kome i ein situasjon som har potensiale for å bli kritisk. Vi kan heilt fint klare oss nokre dagar utan rett i koppen, dasspapir derimot.
No har vi tolv rullar att, og kanskje så mykje som 16 dagar att å segle. Det går bortimot ein rull om dagen. Eg har difor bedt kvar og ein av mannskapet om å vere nøysame og ikkje skeie ut etter ein har gjort sitt fornøgende. Vidare har vi for å få ein oversikt over forbruket starta ei kartlegging. Kvar einskild skiv ned sitt forbruk på ein lapp og gir den til meg, eit snittgrunnlag av taldata skulle gje oss oversikt over situasjonen. Problemet vart meir kritisk då fleire av mannskapet skreiv ned forbruket på dasspapir som dei gav til meg. Har difor gått vekk frå dette og hengt opp ei liste på dass, der kvar einkelt strekar av for anntall tørk bruk. Forhåpentlegvis vil dette også bidra til litt konkurranse mannskapet i mellom i nøysamheit. “Kven klarar seg med minst mogleg tørk” I mellomtida skal eg finne ut kor mange tørk det er på kvar rull. Dette byr på nokre utfordringar, det står ikkje kor mange cm det er på kvar rull, ei mogleg tilnærming kan vere å rulle ut ein heil rull, men på ein 11 meter lang båt seier det seg sjølv at dette heller ikkje er komplikasjonsfritt.
Oppdatering på dasspapirsituasjonen følger.
Tord, intendant og dasspapiroveroppsynsmann
p.s. Når det gjeld flygefisk har vi fått mange foklaringar på KVA flygefisk er. Dette set vis sjøvlsagt stor pris på. Men vi har likefullt ikkje fått noko svar på KVIFOR den flyr? Den er jo ein fisk, kan den ikkje berre halde seg i vatnet.
1 kommentar til “ARC dag 8 Oppdatering på dasspapirsituasjonen”