Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Det byrjar å bli litt meir ver her ute. Vi har kome langt nok nord til at vi går godt klar det lille lågtrykket, men vi har aukande sjø og overskya ver med tendensar til regn. Vi reknar med det held seg slik i nokre dagar før vi igjen får godver. Vinden er god, men veldig variabel. I heile natt har vi rulla inn og ut på segl i takt med vindskifta. I horisonten forran oss ser vi stadig lyn som blinker, og no kom forsynemeg regnveret inn for fult her og.
Alle ombord har vert litt slappe dei to siste dagane. Det heng saman med at søvnen blir veldig oppstykka og dårleg når båten gyngar som den gjør, samt at det har blitt veldig varmt og klamt. Heime seglar man stort sett ikkje so lenge på tilnerma platt lens, den store forskjellen ligg i at no gyngar båten frå side til side med ganske store utslag. Ikkje berre lett vugging til le side slik det blir på slør.
Dette gjer litt utfordringar innvendig. Alt som kan ramle ned, ramlar ned. Alt som kan skramle og lage lyd, skramlar og lagar lyd. I dag tidleg lurte Bengt på om det var normalt at servoen på autopiloten laga stempellyd. Sånn pneumatisk stempellyd om dykk forstår (psst psst …. psst psst). Det er det jo ikkje, så dermed starta vi jakta på psst lyden. Overraskinga var stor når vi fann ut det var dei to pakkane med CousCous som låg i skapet over hovudet hans som laga lyd når innhaldet segla frå eine sida i eska til andre:)
Ei anna utfordring er å lage mat. Det er og mykje enklare når båten ligg til ei side, då kan ein jo utnytte det som finnest av kantar å støtte ting mot. Heldigvis har vi to vaskar som ting kan stemplast fast i når ein held på, og vi prioriterar middagane høgt sjølv om sjøen tar seg opp. Trykkokaren har vorte plukka fram frå skapet, og no trykkkoker vi poteter og rotgrønnsaker på under ti minutt. Genialt, og så slepp ein i tillegg all dampen inne i båten. Det er berre å ta kjelen ut når ein løyser ut trykket igjen.
I går hadde vi forresten ein underleg middagsoppleving. Tord hadde laga fiskebollar i kvitsaus med poteter og gulerøtter til. Å sitte midt på atlanterhavet å spise denne retten føltes absurd. Av ein eller annan grunn forbinder vi alle fiskebollar i kvit saus med norge og vinter…?
Det einaste som kan øydelegge for middagane våre, er at i dag gjekk den andre gassflaska tom. Den første gjekk tom berre to dagar uti seglasen, og no har vi berre ei att. Flaks at vi kjøpte ei ekstra rett før vi drog, ellers hadde det vore tomt no! Kapteinen fryktar for kaffien sin, og har no lagt ned veto mot to varme måltid om dagen. Det får halde med eit. Kald pulverkaffi høyrest ikkje noko godt ut… Fekk mail i går om at SAGA-TIBA holdt på å gå tom for kaffi. Det har vi rikeleg av, så det er mogleg vi må få til ein byttehandel.
Til Heidi og Øyvind som segla MARELIA same ruta i fjor: Takk for helsing, det føles nesten som vi er gamle kjende etter at eg følgte turen dykkar på nett kvar dag i eit heilt år:) Kjekt at dykk følger med!
Sten
4 kommentarer til “ARC dag 11 Meir ver”