Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Nei, er det ikkje Tempest? ropte squallen. Jovist er det Tempest! Hurra hurra, Tempest har kommet på besøk til oss midt her ute på Atlanteren! Tempest? Sa de andre squallene. Hvem er Tempest? Tempest er vår storebror, han er en diger virvelstorm. De har laget filmer om han og alting, har dere ikke hørt om Tempest? Jovist, det stemmer det, ropte de alle i kor. Så hev de seg rundt og danset og hoyet rundt Tempest helt til natt ble til dag. Tempest viste de respekt ved å reve segla og ta seg tid til å høre og se på dansen deres. Det ble et hyggelig slektstreff midt ute på Atlanterhavet.
Eg har mange gongar lurt på kor smart det er å segle rundt i ein båt som er oppkalt etter ein hissig storm. I natt fekk vi møte nokre småbrør og søstre av slike hissige stormar, eit fenomen dei kallar squalls. Hissig vind og masse regn konsentrert i ei relativt lita sky som fer fort forbi.
Etter bloggen i går fekk vi melding frå Mads i Frivind om at det hadde oppstått noko styggever rett nordvest for oss. Han ville ha oss sørover. Sør blei det, og vi klargjorde både skute og mannskap på å møte det som måtte komme. Men heile dagen gjekk, vi drista oss til og med til å sette Genaker, vinden var så flau at det var nesten pinleg.
Men så ser vi noko på radaren. Ein squall? Jepp, ein squall. Alle mann, klargjør til squall. VI sat i nesten ein time og venta. Alt var klart, det var så vidt vi hadde segl ute. Man har respekt for sin første squall. Vi klarte ikkje unngå den, og traff ca midt på. Masse regn og vind oppi 40-45 knop kom på eit augenblink. Det varte i rundt 30 minutter, så forsvann regnet, medan vinden gjekk ned til rundt 30-35 knop. Der har den hold seg ut heile natta, kun avbrutt av nokre nye squallar.
Tempest oppfører seg fint i dette været også. Vi tar jo ingen unødige sjansar, så vi revar godt ned og tar tida til hjelp. Bølgene har tatt seg bra opp og, sjølv om det er langt igjen til dei seks-sju metrane Hjalmar sine Biscayabølgjer har kome opp i no:) Det vil sei at det er eit kunststykke å sove, men når man blir trøtt nok går det utruligste.
Det har løya godt no på formiddagen, sola har til og med kome fram. Så no er alt berre fryd og gammen, vi seglar viare mot palmene;) Alt vel ombord. Alle er ved godt mot, ingen sjøsuke.
Skal skrive litt meir om korleis nettsida fungerer når det blir litt rolegare sjø, men det er altså slik at vi Tempest gutta har laga seiltur.no sidene som fungerer på mange måtar som mailasail, berre med masse meir funksjonalitet og muligheter. Vi får mellom anna alle kommentarane dykk skriv medan vi er på havet, noko som gjer blogginga mykje artigare for oss fire som sit her ute.
Angåande medisinar er Tord i ferd med å skrive nokre ord, dei kjem også når sjøen har lagt seg litt.
Bananeksperimentet ventar fortsatt på modninga, medan dasspapirstuasjonen er litt uavklart enno. Vi kjem plutseleg tilbake
Sten
6 kommentarer til “ARC dag 12 Slektstreffet”