Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
He he - det gjekk ikkje lenge utan bølgjer og vind før det sklei ut med kor ein legg frå seg saker og ting ombord. I går når det begynte å blåse igjen balanserte vi båten godt på nesten platt lens, og det var nesten ikkje sjø. Utover natta kom sjøen, og vinden vrei seg litt meir ut på styrbord. Akkurat midt mellom slør og lens, der det er vanskeleg å få segla til å stå godt i lag. Det vert det mykje beveglese av, og alt av bøker, blad, fotoapparat, vannflasker, puter og anna lausøyre har i natt flagra rundt i båten og laga eit spetakkel utan like. Ei anna utfordring er at skap som før var fulle av proviant ikkje lenger er fulle, og då bevegar det seg og bråkar inni der og. Trur nok dette blir den store rydde og ommøbleringsdagen. Vi gløymde rett og slett å gjere sjøklart igjen etter vindstilla
Ellers har Bengt fått ein ny fisk. Ein gullmakrell trur vi, eller kanskje det er ein dorado, vi veit ikkje heilt. Men den smakte allefall godt! Vi finn ikkje att fiskevekta, men har planar om å vinne fiskekonkurransen med denne fisken. Har ikkje heilt oversikt over kor stor fisk dei andre har fått enno, og har difor ikkje heilt bestemt oss for kva den vi tok i går vog. Vi tek gjerne imot tips om kva den største fisken i dei andre båtane er so longt. Bortsett frå kanskje GoodMood. Dei har vel fått ein kval eller noko slikt om det er likt seg…
Kapteinskoppar har forresten ein tradisjon for å få gjennomgå på havkryssa til Tempest. Den spanske kystvakta har enno ikkje meldt koppen vi mista i Biscaya funnet. I natt tok FetterBenny knekken på arvtakaren då han noko trøtt og svett kom kavande opp i cockpit og deisa rett ned på koppen. Det gjekk bra med FetterBenny, koppen er historie
Ei gåte: Kva er det alle båtar har, som går frammover på eine sida og bakover på andre?
Sten, Kaptein utan kopp, igjen!
PS: Tord er nyfiken på kva som vart utfallet av nominasjonsmøtet til Arbeiderpartiet i Sogn og Fjordane. Vi høyrer gjerne om det og…
PS2: Til dykk som ringer på Satellittelefonen, ikkje legg på så fort! Det tar litt tid før vi høyrer den, og det er litt kaving for å nå den. Vi kan ikkje sjå kven som har ringt, så dykk må ringe opp att. Gjerne med ein gong, då er vi jo allerede på veg.
9 kommentarer til “ARC dag 17 Humpetitten”