Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Vi har vore litt misunnelege på dei andre båtane som har sett so mykje kval. Vi har ikkje sett nokon i Atlanteren enno, før i går. Då fekk vi til gjengjeld skikkeleg besøk. Ein ca 8 meter lang kval leika rundt båten slik vi er vande med at delfinane gjer. Kom opp bakifrå, la seg eit par tre meter på sida av oss, snudde seg opp ned så vi såg den kvite buken, tilbake igjen og dukka under båten og kom opp att på andre sida. Slik holdt han på i nesten ein time!
Dei andre ombord vart voldsomt fasinert. Skipperen har lese litt for mange kvalskrekkhistorier, så eg inrømmer eg sat litt mad hjartet i halsen. Ikkje mykje berøring frå ein kval som skal til for å f.eks. knekke roret. Ser eg for meg då, eg veit ikkje. Det gjekk heldigvis bra, den var vel berre litt leiken, og vi fekk sjå eit majestetisk dyr i fri utfolding. Minne for livet!
Ellers fortsetter vinden å halde seg, og vi held veldig god fart no. Har gjort det igjennom heile natta. Reva litt ned, men det gjekk like fort, berre litt rolegare. Sjøen har vakse og det er rikeleg med bevegelse i båten. Ikkje så godt å sove, men det kan vi jo gjere når vi blir gamle:-)
lano2:
Dei fleste gjer noko med ladinga før dei dreg på langtur. Vår motor er ikkje stor nok til å dra to dynamoar, så vi skifta den som sat der standar til ein som var større, samt at vi sat på ein ekstern regulator. Det var naturlegt då å legge den vi demonterte i reservedelshylla. Angrar ikkje på det i dag! Trur nok dei fleste som gjer dette tar med den gamle, dei som set inn ein ekstra har jo to, så då er vel ikkje behovet så stort for ein reserve.
Har ikkje sett Lyra, men dei er ein ARC båt såg eg. Kl. 12:00 UTC i går låg dei ca 250nm forran oss. Med mitt kamera og dine auge skulle jo det være innanfor synsvidde Kan jo ta eit bilete og prøve…. Skal helse dei når vikjem fram til St.Lucia.
Agreggatet vi bruker er ikkje eit Honda, men den billegare utgåven som heiter Kipor (dei gule). Det har fungert perfekt dei tre gongane vi har brukt det. Er 1kW og har ingen problem med å halde ladaren vår som er ein Sterling på 50Amp. Vi har ikke basert oss på å bruke dette agreggatet, det var bare i tilfelle rottefelle, og den gjekk vi jo i
Dårleg med respons på gåta, tenkjer dykk enno? Kva alle båtar har, som går framover på eine sida og bakover på andre…?
Sten
8 kommentarer til “ARC dag 18 Kval!”