Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Hyggeleg å høyre frå slekta Sidsel, kjekt at du følgjer med! Vitsane fall i smak Men vi er ikkje dei einaste so får helsingar frå slekt, ryktet har tydlegvis gått blandt squallane her ute, for no er det storsamling! Tempest prøver så godt han kan å køyre slalom imellom, men det er ikkje alltid so godt det heller. Massa bølger kombinert med stadig skiftande vindar på grunn av desse bygene ledar til urolege døgn her ute.
Men litt får vi no opplevd likevel. Bengt skvatt godt i går då han observerte ein flygefisk sneie Tord sitt hode med 15 cm i natt. Dei flyg mykje høgre no når bølgene er store, og rett som det er kjem dei over båten. Vi vurderar hjelm som nattevaktsutrustning.
Takkar for gode tips angåande ankomsten til St.Lucia. Vi har avtale med LasPrimas som skal finne plassen og ta imot oss uansett når på døgnet vi kjem, så vi får satse på det går greit. Dei har vistnok gjort ein del forbetringar både i innseglinga og i sjølve marinaen der i år. Skal helse til TU CAC TANGO om eg ser han!
Bra forslag på gåta, men ingen korrekte so longt Skal komme med fasiten i morgon om ingen tek den, men her er eit lite hint: Det går framover på styrbord og bakover på babord side. Du får ta ei ringerunde til dei andre seglarane frå i fjord Heidi, alle båtane vi har prøvd den på i år har klart det etter litt betenkningstid
No har vinden nett roa seg igjen, så eg får gå og vurdere seglføringa. Men vi er vel berre imellom to byger om det er likt seg.
Kapteinen
Forøvrig er vi på siste gassflaska, og det er ei stund sida vi skifta den. For å rasjonalisere kutta vi ned på varmt tilbehør til frukost og lunch, det har difor gått lite av egga, så i St.Lucia blir det speilegg til frukost, eggerøre til lunch og pannekaker til middag. Men attende til gassen, den store frykta er at den blå flammen skal gje sitt siste blaff før vi er i hamn i St.Lucia og at vi lyt ete hermetikken rett frå boksen. Kjøkkenmessig ville det kanskje vere like greit, dei siste dagane har kjøkkentjeneste vore ein einaste irritasjon. Til oppvasken igår var vasken fylt 1/3 full, likevel rant den over i krengingane. Men sånn matmessig er ikkje kald hermetikk noko å skryte av. Vi har difor lagt ein strategi der vi går laus på bønneboksane først, så lar vi naturen gjere jobben og håpar at ingeniørane klara å komma fram til ein snedig plan for etterfylling…
Intendanten
8 kommentarer til “ARC dag 19 Meir slekt”