Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Så var passaten nok ein gong forstyrra av eit lågtrykk. Den har vert litt dårleg denne oppskrytte passaten i år, ikkje mykje vi har sett til den…
Etter nokon urolege døgn har det no stilna av igjen, både med vind og bølger. I natt har vi heller ikkje hatt noko bygeaktivitet, så no søv vi godt alle mann. Vi har jobba ein del med å finne ut kva som gjer best framdrift i den vinden vi har, og har endt opp med spridde segl rett mot mål. Litt kamp og baksing på fordekk i natt når vi surra spinnakerfallet inn i toppen av furlexen. Men det løyste seg fint, og vi har gått igjennom natta med 5-6 knop retning St.Lucia.
Trur forresten eg blir nødt til å ta ein prat med Intendanten i dag. Eg lurer litt på det siste påfunnet hans for å redde gassituasjonen. Trur kanskje han bit seg litt i halen. Vi har jo endeleg fått kontroll på dasspapiret, forutsatt at vinden ikkje løyar endå meir ser det ut til å halde akkurat. Men kva skjer dersom han setter oss alle på ein diett med kalde bønner!?!
Vi var nøgde med at vi tok gåta til Rita så raskt, men no viser det seg vist at vi ikkje gjorde det likevel… Vi tenkjer på om det kan ha blitt skutt ei konfekteske inne i ein butikk, men det er ingen som kjem på noko konkret. Ellers er vi inne på om det kan være kongekrabben? Den blir jo sikkert drept inne i butikkar rundtom…? De får gje beskjed om vi har rett, elles leikar vi oss vidare med alle slags variantar og ordspel rund kongelege namn….
Gratulerer forresten til dei norske båtane som er i mål! Rattatta og Mango, og sikkert også Madonna og EmBlem no? Vi er imponerte, vel segla! Vi sees plutseleg
Hmm - det er godt det nermar seg land, det skjer jo stort sett det same kvar dag her, så det er litt vanskeleg å finne på ting å skrive om…. Noko dykk lurar på så fyr laus. Vi ser nesten ingen andre båtar, to døgn sidan det kryssa eit lasteskip bak oss. Ellers går dagane i lesing og skifte av segl og prat, og no sjølvsagt mykje tenking på gåta til Rita (Grr…)…
Alt vel ombord, vi er tomme for bananer og ventar i spenning på forskningsrapport frå Fetter Benny…
Sten
5 kommentarer til “ARC dag 20 Rolegt igjen”