Virgin Gorda - The Baths

På oppdagingsferd mellom granittblokkeneDet var også litt sandstrand innimellom granittblokkeneEin Baracuda som tok hus under båten.Etter ein perfekt, og eg meiner PERFEKT, seglas over til BVI fann vi ut vi skulle ta ein stopp på Virgin Gorda og The Baths. The Baths er ei strandsand der det ligg massevis med enorme granittblokker i tilfeldige formasjonar som dannar masse stilige hulrom og grotter. EmBlem, Mango og Amor Fati har alle beskrevet dette som det beste stedet hittil på turen, og vi må berre stemme i.

Henrik blei ivreg på poseringa etter at han høyrte at Vouge hadde brukt dette som “location”Tre gode venner fann ein fin “sofa”Masse trange tunellar som ikkje alltid hadde ein utgangDen perfekte seglasen var som følger; Satte segl klokka 20:15 utanfor St.Martin. Fann ut vi kunne gå platt lens, så vi spridde. På med autopilot mot Virgin Gordia. Raste gjennom natta utan å røre segla, og kom fram til BVI på morgonen. Farten låg mellom 6,5 og 8 knop heile tida. Kan det bli betre?

Brødrene Hellevang har funnet sitt paradisEin kul blå fiskFleire kule blå fiskar.Kapteinen slappar av etter ei lang natts seglasHenrik og ArntSidan dette er siste dagen til Karianne, og ikkje minst bursdagen til Henrik, stoppa vi på det som vi har høyrt skulle vera rosina i pølsa. Det var det, og vi har i dag storkosa oss med snorkling og grottevandring ute på The Baths. Heilt fantastisk, og vi skal tilbringe fleire dagar der ute!

Mannskapet som har vert med dei siste vekeneI kveld reiser vi over til Tortola der vi i lag med Pigalopp og Juno skal feire Henrik sin bursdag, samt ta farvel med Karianne. Ho vil bli sakna, og maten ombord blir nok litt stusslegare framover.

2 kommentarer til “Virgin Gorda - The Baths”


Skriv en kommentar