Dag fire. Roleg

Nesten ikkje bølger (under 1 meter) og fin seglvind (20 knop relativ inn 50 grader styrbord) er fine forhold for Tempesten. Vi går rundt 6 knop, og nyter livet på havet. Har følge med to fuglar som vil sitte på, men som ikkje heilt klarar å koordinere landinga i mastetoppen.

Har gått litt seint i natt, var nok litt mykje reva ned, men det er tross alt betre enn å pushe det når det er mørkt og man sitter aleine på vakt.

I går kveld tok ein båt oss igjen. Vi trudde jo det var Rattata som kom med nybakte bollar, og dekka bordet til fest. Skuffelsen var stor når det viste seg det var ein Finne. Snakka med dei på VHF, dei var på veg til Azorene dei og. Rattata har eg nett snakka med på Satellittelefonen, og det kan se ut som dei har klart å snike seg usett forbi, så det spørst om vi ikkje lyt til å sette deiga sjølv :-(

Kursvalg: Vi går ikkje rett mot Azorene nei, det stemmer det. Hadde vi gjort det måtte vi ha gått rett imot vinden, og hadde havna i vindstilla. Vi følger no vinden nordover til vi kjem over eit høgtrykk som snur vinden med oss mot Azorene.

Eg må nok medgje at navigatøren ombord kun kompanserer for lokale forhold og kva som er behageleg og trygt å segle. Dei store linjene er det Mads i Friivind.no som trekker opp. Eg kan, som mange andre, ikkje få fullrost den tjenesten han driv. Han er min beste venn på havet,og har eit imponerande servicenivå. Skjer det noko uforutsett med været, eller vi ikkje opplever dei forholda han har spådd, følger han opp med ekstrameldingar etterkvart. Når vi hadde litt tøffe forhold tidleg på overfarten var det utruleg deilig å ha Mads som monitorerte situasjonen og rapporterte kontinuerlig. Ei heilt klar anbefaling frå mi side dersom du skal krysse hav og ikkje er proff værmann sjølv: Frivind.no

Ellers er det god fredagsfeeling ombord, og vi gler oss til endeleg å ta helg ;-)

Kapteinen

I dag fikk eg med meg månenedgang og soloppgang. Flygefiskane hoppa om kapp og eg såg kansje en kval mens kapteinen låg godt intulla i Siri sitt rosa teppe med imponerende snorke lyder som får sjøfuglane tilå komme ut av kurs og Odd Jarle kjempa en stille kamp i sin lille sardinboks (lugaren sin). Vinden har løya til rundt 20knop og bølgene har en beskjeden krusning, nesten litt kjedelig etter en litt meir strabasiøs start. Livet om bord er herlig, mykje godt humør og alvorlig planlegging for den store 17.Mai feiringa om bord… Leiken “å gå planken” har vi ikkje heilt klart å bli enige om hvem som skal ta første steget men vi finnervelen løsning på det og….

Kari Klok

3 kommentarer til “Dag fire. Roleg”


Skriv en kommentar