Halvvegs til Horta!!!

Halvegs.JPG

Vi har passert halvegspunktet, har no under 1100 nautiske mil igjen, og stemninga ombord kunne ikkje ha vert betre! Champisen er spretta,og vi har leita etter Arnts forundringspakke som låg under benken på Odd Jarles lugar. Masse snop og stjerneskudd. Takk Arnt, du er ein god bror og ein god Firstmate :-)

Genakeren har stått i over eit døgn, farten er god og sola steiker frå skyfri himmel. Eg har måtta bruke strikk på øyra so smilet ikkje skal forskyve dei ;-) Det ser ut til at vi held Pigalopp og Aurelia bak oss enno ei stund, men vi er litt spente på om vi klarar det same med kaldfronten. Det ser foreløbig bra ut, men er heilt på håret…. Dykk får krysse fingrar og tær, og heie på TurboTempest så vi vinn kampen!

Ellers nyt vi verkeleg livet her ute. God tid, rolege forhold no når vi har vinden meir på slør enn på kryss. Mykje god mat og godt humør. Fantastiske naturopplevingar med soloppgang, solnedgang, stjernehimmel, måneoppgang og månenedgang. Fuglane flyg rundt oss og prøver stundom å lande på mastetoppen, flygefiskane sprett opp og flyg vekk når vi kjem fossande, og når det ikkje er for mykje bølger flyt det massevis av Portugisiske krigsskip forbi.

Vi koser oss også masse med kommentarane dykk legg igjen på sidene, takk for dei, og fortsett å skrive! Rapporten vi får dagleg om statusen i dei andre båtane er også ein høgdare, masse humor og vennskapleg kniving om kven som ligg best an.

No skal vi fortsette å kose oss med snop og Champagne, så får vi heller starte slankekuren i morgon. Harald og Brigitte minna oss om at vi kanskje burde ha litt fysisk fostring ombord. Det vert fortløpande vurdert… Om vi fortset å ete som no er eg redd vi må vinsjast i land på Horta ;-)

4 kommentarer til “Halvvegs til Horta!!!”


Skriv en kommentar