Igang igjen

Så var vi på havet igjen! Etter ein siste veroppdatering frå Mads i Frivind.no kasta vi loss i går klokka 15:00 UTC og har satt kursen direkte mot Irland.

Ganske tøft å gå rett i fra ein roleg marinaen på Horta ut i 3 meters rotete bølger og bra med vind. Men Tempest dansar i veg, og vi held oss fast så godt vi kan. I forhold til kva dei sist ankomne til Horta har vert uti er dette tross alt berre barnematen

Vi har litt sjøsjuke ombord, men mannskapet er tøffe seglarar som bit tenna saman og lar det stå til. Smilande og positive, så går det nok over når sjøen no er i ferd med å legge seg, og balansenervane kjem i takt.

Var litt dårleg timing på avreisa, skulle gjerne ha stått og helsa LasPrimas velkommen i hamn, men vi kunne ikkje drøye lenger no. Reknar med dei blir godt mottatt lell.

Utsikta til morgonkaffien var Pigalopp i soloppgang, til desert fekk vi eit forrykande delfinshow. Alt vel ombord!

Sten

4 kommentarer til “Igang igjen”


Skriv en kommentar