Forberedelsar

Rolege forhold utpå her no, etter ei natt med ein del vind og sjø. Grei fart og retning, og god stemning ombord.

Forberedelsane for litt meir ruskete vær er i gang, vi har gjort klar segl og driv no og ryddar inne og ute. Erfaringa tilseier at det er vanskeleg å lage mat når det bles og bølgar som verst, så vi lagar no opp eit lager med nistemat som vi har lett tilgjengeleg.

Mads i Frivind losar oss trygt igjennom, og vi ventar å sleppe unna dei værste vindane og bølgene. Har likevel forberedt både oss og båten på å kunne takle det som skulle måtte komme av vær. Vi er satt opp for storm, men det er det overhode ikkje snakk om i kasta ein gong.

Søndag vil vi sansynlegvis ha det tøffaste over oss, så då kjem eg ikkje til å legge ut blogg. Det er ikkje rett enkelt å sitte her nede å taste når sjøen er grov, så då priorieterar eg dei rapportane vi må sende og motta ang været.

Alt vel ombord, alle friske og ved godt mot!

2 kommentarer til “Forberedelsar”


Skriv en kommentar