Kong Neptun byr til dans…

…og vi har takka ja!

Hadde dette vert Skal Vi Danse på TV trur eg det hadde blitt avlyst. Så ledig og lett, kontrollert og fint som vi og Tempest taklar dette været, så hadde konkurrentane rømt ;-)

Jada jada, eg veit eg lova dykk bloggfred i dag, men eg klarar ikkje la vere. Vi er no i det verste området, og det går heilt suverent. Imponerande naturkrefter i sving, men vi imponerar vi og! Har full kontroll, og ventar å vere ute av lågtrykket i løpet av kvelden.

Alt vel med alle ombord, god stemning og stor fasinasjon over vær og vind. No må eg stikke opp og få i meg eit av Benedikte sine Dagobert smørbrød. Ho brukte gårsdagen på å lage klar mat til i dag. Egg og bacon og masse anna godt på svære smørbrød ligg pakka klart ute :-) Nam nam!

Kapteinen (som er på godfot med Kong Neptun i dag)

4 kommentarer til “Kong Neptun byr til dans…”


  1. 1 Arnt

    Hei. Som dere ser har vi nokre problem med posisjonsangivelsen på kartet. Dette jobbar vi med å fikse. I mellomtida kan ein sjå posisjonane på adressa www.seiltur.no/atlanterhavet Der kan ein og se kor andre norske båtar vi seglar saman med er i forhold til Tempest.

  2. 2 Odd Jarle

    Du e ein skikkeleg luring du Sten - det har du alltid vore.
    Go Tempest - ta igjen Aurelia og Pigalopp no, kom igjen!

  3. 3 Hjalmar

    takk for posisjonoppdateringa Arnt! Eg er einig med Odd Jarle.. Nå dei igjen !! Heng opp genakeren og set dokke i bakskuen og kjør på :-)

  4. 4 solveig

    Takk og pris, seier eg - at de er komne dokke vel gjennom det verste.
    Vi har hatt dokke i tankane frå time til time i dag og er letta over at det lievel kom ein blogg, takk for den,Sten Ingve. No håper vi de får ein fin seilas vidare. Kor tid beregnar de å vere framme?

Skriv en kommentar