Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Så var vi i gang igjen. Siste havkrysset før Florø. Merkar at rutinene setter seg raskt no på heimturen i og med havkryssa kjem so tett
Vi har ikkje vind, og eg meiner IKKJE vind i det heile tatt. Vindmålaren er ein rein kopi av knopmålaren, så den vinden vi målar er den vi genererer sjølv ved å gå frammover. Har storseilet oppe som støtteseil, men det gjer jo ikkje anna nytte enn å dempe rullinga litt.
Det er litt kjipt å sitte å høyre på motoren i timesvis i strekk, men på den positive sida er det jo eit veldig behageleg kryss. No er båten roleg, og vi har all verdens tid til å lage god mat og hygge oss i det gode veiret. Vaktene er berre ein leik, ein del fiskebåtar og nokre oljeriggar, men vi ser alle i god tid og treng ikkje endre seglføring for å vike. VI har også veeeldig god tid til lørdag klokka 13:00 som er tida vi skal være inne, så med ein gong det blir litt vind seglar vi nok heller i 2-3 knop enn å kjøyre motor meir enn nødvendig.
Ellers er det også behagelig å vere fire ombord igjen. Vi kjøyrer same vaktordninga som vi gjorde under ARCen då vi også var fire, tre timar nattevakter frå 21:00 til 09:00, og fire timer dagvakter. Dermed blir det ei nattevakt på kvar i løpet av døgnet, pluss ei dagvakt på tre av oss. Dessutan blir det naturleg rotasjon ut av det, slik at vi slepp å alltid ha dei same vaktene. Den som slepp dagvakt lagar middag. I dag er det Anja, og vi gler oss til Pizza som er dagens middagsmeny.
Så alt i alt er det ikkje så verst å være på havet når den største bekymringa til kapteinen er at jentene har klart å handle inn lyserosa toalettpapir. Føles ikkje mykje som ein guttebåt lenger, ei heller føles det spesielt manndig å sitte på “prinsessedoen” med det lyserosa papiret. Glad ikkje Las Primas ser dette, då hadde vi nok fått høyre det!
Alt vel ombord, vi trives på havet og har god tid
2 kommentarer til “Skotland - Norge dag 1”