Påska er over…

… men arbeidet held fram!

Påskeværet 2003Først ei lita oppmoding til metereologane: - Gjennbruk er inn, eg foreslår at dykk hentar fram igjen dette værkartet som dykk presenterte på desse tider i 2003!

I Oslo er Sten igjen aleine med ansvar for dei praktiske oppgåvene i båten. Har fått rydda og sluttført nokon prosjekt vi mangla smådelar til, og ellers brukt mykje tid på å frustrere seg over at været ikkje tillet opning av vatnet i hamna enno. Har også vert på besøk hos båten Mango og gitt litt opplæring i heimesider. Mannskapet der har langt meir erfaring med seglbåtar og segling enn vi har, så vi spør og graver, og får mange nyttige tips og god inspirasjon. Sten har dessutan også fått meldt seg på ISAF sikkerhetskurs hos Oslo Kystskipperskole 11.-13.april.

I Bergen jobbar Bengt med å dokumentere det elektriske i båten. Vi bygde om ein del i påska, og Bengt som har DAK erfaring lagar no nye skjema slik at kart og terreng skal stemme. Ellers les han fortida til båtførarprøven, og har planar om å melde seg på ISAF sikkerhetskurs seinare.

I Florø jobbar yngste bror Arnt med sponsorar og mannskapsrekrutering. Det har vist seg langt lettare å få sponsorar i Florø enn i Oslo, og Arnt har skaffa mykje utstyr som ellers hadde kosta oss dyrt. Ei stor takk til næringslivet i byen som støttar opp om sine bysbarn!

På mannskapssida har han rekrutert mykje godt mannskap som vi gler oss til å ha med i Karibien!

Renate BjerkSilje TornvikSara SteineKarianne Torvanger

Det ser ut til at vi får mykje besøk både på Kanariøyene og i Karibien. Ellers jobbar vi også med mannskap til ARCen. Vi har kontakt med to gode kandidatar, ein som har vært med på ARCen tidlegare og ein som er utdanna sjukepleiar. Det er fortsatt plass til fleire, så skulle du gå med ein liten draum om å bli havseglar er det berre å ta kontakt!

0 kommentarer til “Påska er over…”


  1. Ingen kommentarer

Skriv en kommentar