Cuxhaven

Slusa ut av KielkanalenI dag har vi gått ut av Kielkanalen til elven Elbe, og fulgt den videre ut til Cuxhaven. Denne gangen var det litt meir forskjell på vannstanden i slusa. Bildet er tatt rett etter vi hadde fortøyd. Når vi gjekk ut at kunne vi nesten stige rett frå båten og i land. Legg merke til at i forhold til bildet frå i går har no Tempest segla seg opp i teten. Ikkje verst i og med vi er 8 fot mindre enn nestemann ;-)

Endely og EmBlemDet var ein kort tur ut elva. Vi hadde planlagt det i forhold til tidevannet slik at vi skulle få medstrøm. Med samme turtall på motoren starta vi på 6,5 knop og enda på over 9! Man merker ikkje noko til det, anna enn når vi skulle inn til havn. Der var det bare å gje på det motoren hadde å gje, og styre som best ein kunne. Litt slakk der og ein ligg klistra i kaikanten. På bildet ser du Endely og EmBlem.

CuxhavenNo ligg vi i den indre marinaen. Det var eit tips Endely hadde plukka opp. Vi har gått igjennom ei lita vippebru og ligger nesten midt i sentrum. Alt er lagt opp i forhold til tidevannet. Når vi kom låg vi som på bildet, no er vi ikkje langt unna å vere oppe på gateplan. Forskjellen er på nesten 3 meter! Det er søndag, så det meste er stengt, men vi var på land og fann oss ein McDonalds. (Men hysj til kokkane om det ;) )

Imorgen er det planen å segle vidare mot Nederland. Herifrå og eit stykke nedover er vi ikkje berre styrt av vinden, no betyr tidevannet minst like mykje.

3 kommentarer til “Cuxhaven”


Skriv en kommentar