Fortsatt i Norderney

Det vart ikkje Nederland i dag heller. Det skulle blåse like mykje eller meir i dag enn då vi gjekk hit, og det freista ikkje å legge ut når vi veit vi har vinden midt i mot. På grunn av djupna her blir det fort krappe bølgjer, og då blir det berre stamping nedover. Imorgon ser det ut til at det skal løye, så då går vi i lag med Endely nedover mot Dlfzijl i Nederland.

FloIkkje floArnt har stort sett brukt dagen på fornuftige båtting. Har fiksa og ordna i heile dag! Sjølv har eg tatt jobben med å studere tidevannet. Det er ein viktig faktor ved seglinga her nede. Ein heil syklus tar jo nesten 12 timar, så då gjekk jo den dagen ;-) Legger ut to bilder frå dagens studier, det er ganske stor forskjell. Eg konkluderte med at når det er fjøre er det langt frå kaia ned til båten, når det er flo er det ikkje langt!

Ikkje på nettPå nettNo på kveldingen sit vi og nerdar litt. Arnt var litt missfornøgd med at han ikkje fekk inn nett. Han vart fort blid at når eg opna Tempestnettet :-)

Seglar etter planen klokka ni i morgon tidleg. Planlagt og tilrettelagt etter tidevann og strøm!

5 kommentarer til “Fortsatt i Norderney”


Skriv en kommentar