Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Igjennom Amsterdam opnar dei berre bruene ein gong i døgnet, og det er om natta. Vi fekk beskjed om å vere klare og lytte til kanal 69 på VHFen frå midnatt. Ikkje før klokka halv tre starta vi, og då måtte vi følgje ein lekter som gjekk i 2-3 knop! Men likevel ei veldig spesiell oppleving å segle igjennom Amsterdam midt på natta.
Konvoien var på over ti båtar, EmBlem og Tempest var dei einaste norske. Dei fleste gjekk saman heile natta igjennom. Vi vart anbefalt å gå til Dordrecht, og det gjorde vi. Seglasen starta klokka 02:30 med “lang under vinter” og full offshoredress, og enda klokka 15:30 med shorts og solbriller! Mange bruer og sluser, men det gikk likevel radig etter som vi kom i konvoi og dei opna når vi kom.
Det er litt vanskelig å se på bildet, men her seglar vi forbi Schiphol flyplass, og kanalen går faktisk over bakkenivå. Vi såg altså ned på flyplassen og jorder der dyra gjekk på beite.
Dordrecht hadde ei idyllisk hamn midt i byen. Veldig ordna forhold der vi blei lukka inn igjennom ei bru og tildelt ein bås. Flott by, men etter å ha gått heile natta slokna vi ganske fort og sov bort mykje av kvelden.
På veg til Dordrecht kontakta kontakta Elvstrøm oss angåande storseglet som vi har problem med. Eit par timar etter at vi klappa til kai kom faktisk ein representant frå dei på båten for å sjekke! Dei hadde ein seglmakar ikkje så langt unna, og han heiv seg i bilen og kom. Imponerande service, og vi ventar no på beskjed om kva dei foreslår for løysing. Bra at dei tar det på alvor iallefall!
5 kommentarer til “Nattseglas gjennom Amsterdam”