ARC dag 10 Nordover igjen

Har vi snudd? Tja, nei vi har ikkje det, vi har berre justert kurset litt nordover for å gå godt utom eit lågtrykk som kjem til å danne seg der vi hadde tenkt å segle.

Lågtrykk likar vi best å sjå på vermeldinga når vi sit godt og trygt i stua til pappa heime i Florø. Ikkje når vi er midt utpå Atlanteren i ein liten seglbåt. Vi legg derfor om kursen slik at vi kjem godt nord om det dei definerar som utkanten av lågtrykket, og reknar då med at vi berre får litt ekstra vind og noko regn. So følgjer nokre dagar med vindstille før Mads i Frivind igjen har lova oss ein stødig passat mot slutten av helga. Det er mogleg vi velgjer å brenne litt diesel dersom vindstilla vert plagsomt lang.

Vi har hatt god driv det siste døgnet, vinden har tatt seg opp til komfortabelt nivå, og bølgene er fortsatt so små at dei ikkje er vidare plagsome. I natt måtte vi dog reve litt i segla for å få ro nok til å sove godt. Eit merkeleg fenomen det der, man reduserar seglarealet med det resultatet at båten går rolegare men fortare!?! Det heng sjølvsagt saman med at den ikkje girar og herjar so mykje i sjøen då, men det er likevel alltid like fasinerande å observere.
Med god driv meinar vi alt over 5.5 knop. Over 6 knop er raserfart. Fartsrekorden på Tempest er satt av Runar som på ein surf på veg til Porto Santo nådde 10,5 knop. På denne turen har Tord so langt rekorden på 8,9 knop. Dette høyrest kanskje rart ut når de les dei andre bloggande og hastighetane dei oppererar med? Då må eg sitere Lene Hammersland, kapteinen på Las Primas, som omtalar Tempest som ein søt liten seglbåt med søte små vinsjar. Dette til tross for at ho inderleg godt veit at det ergrar livet av den store og røffe kapteinen at skuta hans blir omtala som lita og søt! Men ho har nok litt rett, dette er ein vannlinjeseglas. Det er lengda på vannlinja som i størst grad begrensar farten, berre det er vind nok til å drive båten. Og Tempest er av dei minste båtane i denne regattaen. No tar jo sjølvsagt familien Bratbakk som seglar Madonna, ein endå mindre båt, fullstendig livet av argumenta mine ved å ligge heilt i teten. Men då skal det seiast at det er topptrente regattafolk, som nok hadde segla forbi oss om det så var i ein tresko…

No synest vi egentlig at vi likevel heng godt med so langt. Forutan vår eigen dyktighet (kremt;)) har det med det å gjere at vindane har vert moderate. Det er i liten vind at Tempest har fått tilnavnet TurboTempest. Då er det ein fordel å ha ein lett båt som ikkje krever stiv kuling for å bli dytta igjennom vannet.
Ellers har eg som kaptein i dag fått min første strekk av eit mannskap. Fetter Benny er lite nøgd med at eg i mørkets kamp med å få reva storseglet kom til å flytte på to av forsøksbananene hans. Eg tar sjølvsagt kritikk for dette, man skal søkja å unngå å påverke viktige vitenskapelege eksperiment. Heldigvis er Fetter Benny ein grundig mann, og har etter nitidig rekning og kalkulering komme fram til at vi likevel har nok gjenverande bananer i prosjektet til å få fram eit signifikant resultat. Utan å foregripe resultatet kan eg avsløre at etter at dei to bananene var ført ut av forskningsloggen åt eg den eine. Den andre var ikkje moden… Eg veit dog ikkje kven av dei som hang kva veg.

Kaptein StenDenRøffe

Oppdatering av dasspapirsituasjonen. VI takkar for mange gode innspel, nokre er vel verdt å forsøkje, andre vert umiddelbart forkasta. Som speidar har eg lang erfaring med attbruk at tomme rett i koppenposar og veit at dei er kledd med sølvfolie på innsida. Å utdjupe kvifor dette ikkje egnar seg til tørk skulle ikkje vera naudsynt.

Mannskapet har byrja å kasta lange blikk etter dasspapiroppsynsmannen si bok, biografien om Jens Chr. Hauge kan nok med sine nærmare 900 sidere vera litt av eit skode på mange måtar, men blikka bekyrar meg. Ei anna bok som finnes ombord er boka “ABC for Atlanterhavsseileer”. av Trine Amalie Sjølvold. Der finnes ingenting under D for dasspapir eller andre meir siviliserte omgrep, boka er difor no lagt på toppen av bunken med ulik lektyre som befinn seg nær toalettet.

Ei utrekning og total karlegging av forbruk og utsikter for attseglande distanse nærmar seg. Det vert lagt ut på bloggen om ikkje mange dagar og vil truleg gje svar på korleis Tempest skal klara seg gjennom krisa.

Tord, Dagleg Leiar - Tempest vann og avløp, IKS

2 kommentarer til “ARC dag 10 Nordover igjen”


Skriv en kommentar