Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
På Tobago Cays igjen. Her er fortsatt like herlig. Litt mindre vind denne gongen, og dermed endå klarare vatn. Denne gongen tok vi også ein tur rundt på øyene rundt her. Masse å sjå, og vi fekk tatt nokre fleire bilder. Sjå og nyt, det gjer vi
Sjølv om dette verkeleg er ein avsidesliggande stad er det ikkje heilt fritt for action her. I det Arnt og Bent ligg og kvilar medan kapteinen lagar lunch, høyrer vi brått ein metall mot metall lyd utanifrå. Eg ser ut av vindauget, og rett i eit gigantisk ploganker! Vi spring ut for å konstantere at ein russer i ein 52 fots leigebåt har navigert skuta si rett i sida på stakkars lille Tempest. For å gjere ei kort historie lang, eller omvendt, så prøvde dei først å gje oss namnet på skuta, så stikke. Eg heiv meg i jolla og tok dei igjen for å få litt meir opplysningar. Etter ei stund kom Parkrangerane og hjalp meg. Dei forlangte at han snudde, heiv anker og kom bort til oss for å gjere ting skikkeleg. Etter litt om og men kom det så to russarar i ei jolle for å sjå på skaden. Dei spurte om vi kunne gjere opp kontant og bli ferdig med saken. Tja, sa eg og antyda etter litt om og men at for 1000 euro kunne vi gjøre opp saken. Ok, sa han, stakk handa i lomma og drog opp 1000 euro i kontanter. Ganske god kompensasjon for to bøyde rekkestøtter
Til slutt må eg berre få med at eg har kjøpt meg rastafarihue. Fin?
7 kommentarer til “Tobago Cays, fortsatt heilt heaven:)”