Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Etter nokon dagar med arbeidsleir og shinings av båt var alt klappa og klart til å ta imot nytt mannskap. Vi bestemte oss for å gje Renate, Sara og Silje ein “soft” start på båtlivet, og har derfor tatt dei to første nettene i hamn. Vi har jo vert ein del på St.Lucia utan å verkeleg utforske anna enn sjøsida. Rastafarimannen Vision som polerte båten vår når vi kom inn etter ARCen arrangerer også private turar rundtom på øya, og vi tenkte det ville vere ein fin start på ferien til vårt nye mannskap.
Som sagt så gjort, og etter si første natt i båten var jentene tidleg oppe og blei med meg og Arnt på Rastafaritour som han kallar det. Vision er ein triveleg kar som gjer ein slik tur til noko positivt. Godt humør og mykje sang og spøk. Vi var iløpet av dagen innnom Romdestilleriet, Vulkanen, lokale spiseri (middag for seks personar for 90 EC!) og på fottur opp til eit fossefall i regnskogen. Ein triveleg dag der vi fekk sjå mykje av øya som ikkje er så lett å få med seg frå båten.
I dag skal vi sjekke ut av St.Lucia før vi tar båten ut av marinaen for å sjå kossen jentene trivast på svai. Vi går ikkje langt, berre rett ut på nærmaste strand der vi nyter dagen og kvelden før vi i morgon tidleg heisar segl og setter kursen mot Martinique. Tempoet nordover har vi ikkje lagt enno, vi tar det dag for dag og ser koss vi likar oss der vi strandar. Har veldig god tid no, og det er fantastisk deilig
0 kommentarer til “Nytt mannskap og Rastafaritour”