Deprecated: preg_replace(): The /e modifier is deprecated, use preg_replace_callback instead in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/formatting.php on line 74
Strict Standards: call_user_func_array() expects parameter 1 to be a valid callback, non-static method GeoMashup::the_content() should not be called statically in /home/vusers/domains/seiltur.no/wwwdocs/tempest/wp-includes/plugin.php on line 57
Nok ei ny bukt med krystallklart vatn og god snorkling. Vi er her med Pigalopp, Saga-Tiba, Barolo og Yr. Yr tok initiativ til grillfest på stranda, og alle båtane møtte sjølvsagt opp. Flott kveld med gitar, song bål og grilling.
Virgin Islands har den største charterbåtflåten i verda. Det skjønner vi godt, det er heilt fantastisk å segle rundt her. Avstandane er korte, og perlene tette. Men for oss cruisera er det sjølvsagt ikkje så bra. Prisane er jaga opp, og alle charterbåtførarane gjer oss ein smule nervøse. I forrige hamn måtte vi i lag med LasPrimas og Pigalopp rykke ut for å redde ein båt fra å drive i land. Han fekk ikkje tak i moringen, bakka så jolletauet inn i propellen, kilte seglet når han prøvde den utvegen, og dreiv tilslutt hjelpeslaust mot land.
Vi har no lagt båten i Nanny Cay marina på Tortolla. Der skal Henrik og Arnt prøve å få tatt dykkarlappen, medan Sten tek ein liten ferietur til St.Marten for å hente vår sisten karibienturist.
11 kommentarer til “Peters Island, Grillfest”