Kong Neptun byr til dans…

…og vi har takka ja!

Hadde dette vert Skal Vi Danse på TV trur eg det hadde blitt avlyst. Så ledig og lett, kontrollert og fint som vi og Tempest taklar dette været, så hadde konkurrentane rømt ;-)

Jada jada, eg veit eg lova dykk bloggfred i dag, men eg klarar ikkje la vere. Vi er no i det verste området, og det går heilt suverent. Imponerande naturkrefter i sving, men vi imponerar vi og! Har full kontroll, og ventar å vere ute av lågtrykket i løpet av kvelden.

Alt vel med alle ombord, god stemning og stor fasinasjon over vær og vind. No må eg stikke opp og få i meg eit av Benedikte sine Dagobert smørbrød. Ho brukte gårsdagen på å lage klar mat til i dag. Egg og bacon og masse anna godt på svære smørbrød ligg pakka klart ute :-) Nam nam!

Kapteinen (som er på godfot med Kong Neptun i dag)

6 kommentarer til “Kong Neptun byr til dans…”


Skriv en kommentar